Eva Weel Skram
Konsert · onsdag 2. desember kl 19:00–20:30

Falle til ro – ein julekonsert med Eva Weel Skram

MaihaugsalenLillehammer

Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar.

Med ei varm blanding av eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk univers der både tradisjon og nyare juletonar får skinne. Det er snart ti år sidan Eva gav ut sin første julelåt, og sidan den gong har fleire av songane hennar funne vegen inn i den moderne norske julekanonen. «Selmas Sang», temalåten frå NRK-serien Snøfall, vart raskt ein publikumsfavoritt.

Seinare kom «Falle til ro», skriven til Netflix-serien Hjem til jul, som også har festa seg som ein ny juleklassikar.

Eva har òg markert seg som ein framifrå tolkar av andre sine låtar. I hennar hender får songar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm» nytt liv. Juleklassikaren Have Yourself a Merry Little Christmas har dessutan fått norsk drakt som «Tid med mjuke pakkar», med ny tekst av Trygve Skaug.

Saman med sine musikalske kumpanar skapar Eva Weel Skram ei varm og nær juleoppleving – fylt av smittande humør, vakre melodiar og ekte julestemning.

Arrangør: Stageway og All Things Live Norway

KJØP BILLETT!

Eva Weel Skram
Eva Weel Skram

Eva Weel Skram er en norsk sanger og låtskriver.

Bio fra Wikipedia
Utgivelser
2018Finne heim2021Sleppe Tak
Fra arkivet · Eva Weel Skram i NRKkulturbase.no →
Artisten i arkivet —

Minnekonsert fra Gjerdrum kulturhus

Scene · 2021 · NRK

Eva Weel Skram medvirker i NRK-opptaket «Minnekonsert fra Gjerdrum kulturhus» fra 2021.

Et søsterprosjekt fra samme skaper: tusenvis av teateropptak, opera og konserter fra det nordiske arkivet — gratis å se og høre.

← Tilbake til oversikt